Ønskjer du å bli tilsynsperson i fosterheim?

Ønskjer du å bli tilsynsperson i fosterheim?

All fosterheim skal ha ein tilsynsperson. Det er barneverntenesta som har ansvar for å velje tilsynspersonar.

Kven kan vere tilsynspersonar?

Tilsynspersonar bør vere personar som barnet har eller kan få tillit til, og som har gode føresetnader for å kunne utføre tilsynsoppgåva for det enkelte barnet. Tilsynspersonen bør ha ei mest mogeleg uavhengig rolle til barneverntenesta og fosterforeldra, men skal samarbeide med barneverntenesta om barnet sin beste.

Tilsynspersonen må vere personleg eigna og 

  • ha evne til å snakke med barn og ta det barnet seier på alvor
  • kunne kontrollere at barnet får god omsorg i fosterheimen
  • bidra til at barnet si rettstryggleik blir tatt vare på gjennom å varsle kommunen om det trengs

Kommunen fosterbarnet bur i, har ansvar for å lære opp personar som skal føre tilsyn i fosterheimar.

For å kunne jobbe som tilsynsperson må du fremje politiattest (saksbehandlar i barneverntenesta gir informasjon om dette når det er aktuelt).

Kva oppgåver får du?

Ein tilsynsperson passar på at barnet får tilfredsstillande omsorg i fosterheimen. Tilsynspersonen skal vere ein person som barnet skal kunne ta opp eventuelle problem med, for eksempel problem knytt til plasseringa eller barneverntenesta. Tilsynspersonen skal skrive rapport som blir sendt til kommunen etter kvart tilsynsbesøk.

Tal på tilsyn og kor lenge varer eit tilsyn?

  • Tilsyn skal utførast så lenge barnet bur i fosterheim, eller fram til barnet er 18 år.
  • Det skal førast tilsyn så ofte som forholda i det enkelte tilfelle gjer det nødvendig, men minst 4 gonger i året.
  • Tilsynet si lengd er vanlegvis inntil 4 timar per besøk, inkludert køyring og rapportskriving.

Opplæring

  • Tilsynspersonen mottek opplæring og rettleiing frå saksbehandlar i barneverntenesta.
  • I den graden fylkesmannen/Bufetat arrangerer kurs for tilsynspersonar, vil kommunen kunne tilby dette til tilsynspersonane sine.

Kontaktperson

Ønsker du å bli tilsynsperson, kan du ta kontakt med barneverntenesta.

Kontaktinformasjon

Barnevernet
Yngve Cappelen
E-post
Telefon 71 11 16 00

Opningstider

Barneverntenesta
Kvardagar kl. 08.30-15.30

Adresse

Besøksadresse
Barneverntenesta
Gotfred Lies Plass 4
6413 Molde

Postadresse
Molde kommune
Barneverntenesta
Rådhusplassen 1
6415 Molde