Bli besøksheim

Bli besøksheim

Kva er ein besøksheim?

Ein besøksheim er ein heilt vanleg heim. Å vere besøksheim inneber å ta imot barn/ungdom ein eller fleire helgar per månad. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ein stønad til familiar med særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim hos dei biologiske foreldra sine.

Kva krav stilles til ein besøksheim?

Det blir stilt ingen krav om utdanning for å bli gjestingsheim, det er personlege kvalifikasjonar det blir lagt størst vekt på. Det er viktig at besøksheimen består av trygge og stabile vaksne personar som har husrom og hjarterom. Gjestingsheimen kan gjerne ha eigne barn.

Det blir stilt krav om utvida politiattest.

Ønskjer du å vere ein besøksheim?

Ta kontakt med barneverntenesta.

Kontaktinformasjon

Barnevernet
Yngve Cappelen
E-post
Telefon 71 11 16 00

Opningstider

Barneverntenesta
Kvardagar kl. 08.30-15.30

Adresse

Besøksadresse
Barneverntenesta
Gotfred Lies Plass 4
6413 Molde

Postadresse
Molde kommune
Barneverntenesta
Rådhusplassen 1
6415 Molde

Kart