Informasjon frå kommunen

Salsbevilling for alkohol

Salsbevilling for alkohol

Når treng du salssbevilling?

Butikkar som skal selje alkohol, må søkje om salsbevilling. Salsbevillinga gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol.

Skal du ha eit arrangement og skjenke alkohol til dine gjestar, må du søkje skjenkebevilling for opent og lukka arrangement.

Bensinstasjonar, kioskar og gatekjøkken kan ikkje få salsbevilling.

Krav som du må oppfylle

Korleis søkje om salssbevilling?

Du må sende oss ein søknad om salssbevilling. Søknadsskjemaet er elektronisk. Du kan laste opp alle vedlegg i søknaden.

Vedlegg som må følgje søknad om salssbevilling 

  • Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar på salsstaden har bestått kunnskapsprøva
  • Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar er tilsett ved salsstaden
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra for den som søkjer bevillinga
  • Skatteattest for den som søkjer bevillinga
  • Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar, med eigarforhold, stadfesta av revisor
  • Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
  • Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene

Kor lang tid tek det?

Kommunen skal behandle søknad om salssbevilling innan tre månadar etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet, Skatteetaten og sosialtenesta. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Klage på vedtak om salsbevilling

Vedtak om salsbevilling er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Klage på enkeltvedtak

Lover og reglar

Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar.

Kontaktinformasjon

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Telefon 71 17 15 16
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30