Informasjon frå kommunen

Alminneleg skjenkebevilling (permanent)

Alminneleg skjenkebevilling (permanent)

Når treng du skjenkebevilling?

  • Skal du starte ein serveringsstad og ønskjer å skjenke alkohol, må du søkje om både serverings- og skjenkebevilling. Les meir om serveringsbevilling.
  • Har du serveringsbevilling frå før og ønskjer å skjenke alkohol, må du søkje om skjenkebevilling.

Krav som du må oppfylle

Korleis søkje om skjenkebevilling?

Du må sende oss ein søknad om skjenkebevilling. Søknadsskjemaet er elektronisk. Du kan laste opp alle vedlegg i søknaden.

Vedlegg som må følgje søknad om skjenkebevilling 

  • Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar på staden har bestått kunnskapsprøve
  • Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar er tilsett ved skjenkestaden
  • Stadfesta kopi av serveringsbevilling dersom det berre blir søkt om skjenkjebevilling
  • Firmaattest for alle selskapa som er involverte i drifta av skjenkjestaden (Brønnøysundregistra)
  • Skatteattest for søkjaren, eigaren og andre med stor innverknad på verksemda, basert på RF-1244 frå Skattedirektoratet
  • Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar, med eigarforhold, stadfesta av revisor
  • Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
  • Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene

Kor lang tid tek det?

Kommunen skal behandle søknad om skjenkebevilling innan tre månadar etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet, Skatteetaten og sosialtenesta. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Klage på vedtak om skjenkebevilling

Vedtak om skjenkebevilling er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Klage på enkeltvedtak

Lover og reglar

Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar.

Kontaktinformasjon

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Telefon 71 17 15 16
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30