Kontroll av sals- og skjenkestadar

Kontroll av sals- og skjenkestadar

Ansvarleg sal og skjenking er bevillingshavar sitt ansvar. Kommunen tek lovbestemte kontrollar på alle sals- og skjenkestadar. Kvar stad skal få minst ein kontroll kvart år.

Sals- og skjenkekontrollar

Dette ser kontrollørane etter:

  • Sal eller skjenking av alkohol til mindreårige
  • Sal eller skjenking av alkohol til personar som er tydeleg berusa
  • Sal eller skjenking av alkohol utover fastsatt sals- eller skjenketid
  • Omsetning eller bruk av narkotika på skjenkestaden
  • Diskriminering av gjestar
  • Uforsvarleg drift
  • Internkontroll
  • Hindring av skjenkekontroll
  • Brot på forbodet mot alkoholreklame
  • Alkohol som vert teken med ut av skjenkeområdet
  • Medbragt alkohol som vert konsumert inne på skjenkeområdet

Kontrollørar oppdagar muleg brot på regelverket

Dersom kontrollørane oppdagar muleg brot på regelverket, fortel dei kort om sine observasjonar til den ansvarlege på staden. Etterpå får bevillingshavar eit brev med resultatet av kontrollen og kontrollrapporten. Bevillingshavar får anledning til å kommentere rapporten før kommunen avgjer, om forholdet utgjer eit brot på regelverket eller ikkje. Dersom kommunen konkluderer med brot på alkohollovgivinga, er vi forplikta til å tildele prikkar. Får du tildelt tolv eller meir prikkar i løpet av to år, vil kommunen inndra bevillinga for ein periode.

Her kan du sjå kor mange prikkar som vert tildelt ved forskjellige typar brot.

Kontaktinformasjon

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Telefon 71 17 15 16
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30