Serveringsbevilling

Serveringsbevilling

Når treng du serveringsbevilling?

Vil du starte ein stad der det vert servert mat og/eller drikke, må du ha serveringsbevilling. I nokre få tilfelle treng du ikkje serveringsbevilling (for eksempel kakesal i regi av FAU på 17. mai). Er du usikker om du treng bevilling eller ikkje, kan du ta kontakt med serviceavdelinga på telefon 71 17 15 16.

Krav som du må oppfylle

Korleis søkje om serveringsbevilling?

Du må sende oss ein søknad om serveringsbevilling. Søknadsskjemaet er elektronisk. Du kan laste opp alle vedlegg i søknaden.

Vedlegg som må følgje søknad om serveringsbevilling

  • Stadfesta kopi av bevis for bestått etablerarprøve for dagleg leiar på serveringsstaden
  • Dokumentasjon på at styrar og stedfortredar er tilsett ved serveringsstaden
  • Skatteattest for bevillingssøkjaren og eigarar med vesentleg eigardel
  • Firmaattest for bevillingssøkjaren og eigarar med vesentleg eigardel
  • Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar, med eigarforhold, stadfesta av revisor
  • Planteikning over serveringsstaden
  • Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene

Kor lang tid tek det?

Kommunen skal behandle søknad om serveringsbevilling innan 60 dagar etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet, Skatteetaten og Mattilsynet. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Klage på vedtak om serveringsbevilling

Vedtak om serveringsbevilling er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Klage på enkeltvedtak

Lover og reglar

Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar.

Kontaktinformasjon

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Telefon 71 17 15 16
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Fann du det du leita etter?