Endring av eksisterande bevilling

Endring av eksisterande bevilling

Dersom du har ei bevilling og vil gjere endringar i drifta, må du melde frå til kommunen. Du kan ikkje endre drifta før kommunen har fatta vedtak om det.

Du må søkje om endring av bevilling dersom

  • Selskapet endrar eigarar eller gjer endringar i eigarandelar
    • Ved akseselskap må du leggje ved aksjeeigarbok, bekrefta av revisor.
  • Staden har fått ny dagleg leiar for ei serveringsbevilling
    • Legg ved dokumentasjon for bestått etablerarprøve
  • Staden har fått ny styrar for ei skjenkebevilling
    • Legg ved dokumentasjon for bestått etablerarprøve og kunnskapsprøve
  • Staden har fått ny stedfortredar for ei skjenkebevilling
    • Legg ved dokumentasjon for bestått kunnskapsprøve
  • Du utvidar arealet inne eller ute
    • Legg ved planteikning og heimelsdokument (for eksempel leigekontrakt eller skøyte)
  • Du har bevilling inne og søkjer om uteservering
    • Legg ved planteikning og heimelsdokument (for eksempel leigekontrakt eller skøyte)

Endrar du selskapsform, er dette ikkje ei endring. Du må søkje om ny bevilling.

Korleis melde frå til kommunen?

Du kan melde frå om endringar ved å bruke vårt elektroniske søknadsskjema:

Kontaktinformasjon

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Telefon 71 17 15 16
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Fann du det du leita etter?