Aukra kommune

Etablerarprøve

Etablerarprøve

Kven kan ta etablererprøva?

Alle som ønskjer det kan ta etablerarprøva. Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått etablerarprøva.

Kvar tek du etablererprøva?

Det er serviceavdelinga som avheld prøva i Aukra kommune. Ta kontakt med oss på telefon 71 17 15 16 for å avtale dato og tid.

Gjennomføring av etablererprøva

  • Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med fødselsnummer og bilete).
  • Prøva er ei fleirvalsprøve på 90 minutt. Du må svare riktig på 40 av 50 spørsmål.
  • Prøva er på norsk. Du kan ikkje ha med tolk eller bruke ordbok.
  • Du kan bruke lov- og forskriftstekstar som hjelpemiddel.
  • Prøva er elektronisk.
  • Du kan ta prøva på nytt heilt til du består.

Tilrettelegging ved spesielle behov

Det er muleg å gje utvida tid til kandidatar som har behov for tilrettelegging, for eksempel ved dysleksi. Behovet må du dokumentere med legeerklæring. Du kan få inntil 30 minutt meir tid.

Ta kontakt med oss, dersom du har behov for anna tilrettelegging.

Kva koster det?

Etablerarprøva etter serveringslova Gebyr
Gebyr for gjennomføring av etablerarprøva, pris per prøve: Kr. 400,-

Pensum for etablerarprøve

Prøva skal dokumentere kandidaten sin kunnskap om blant anna:

  • Serveringslova,
  • Skatte- og avgiftslovgivinga
  • Rekneskapslovgivinga
  • Konkurslovgivninga
  • Arbeidsmiljølovgivinga
  • Alkohollova

Prøva er basert på læreboka "Læremateriell - Etablererprøven for serveringsvirksomheter". Du kan kjøpe boka og anna materiell hos Vinn (vinn.no).

Bevis for bestått etablerarprøve

Alle som består etablerarprøva får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon om at du har naudsynt kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Det vert sendt til deg i etterkant.

Kontaktinformasjon

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Telefon 71 17 15 16
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Fann du det du leita etter?