Eigarskifte og drift i overgangsperioden på tidlegare eigars bevilling

Eigarskifte og drift i overgangsperioden på tidlegare eigars bevilling

Har du overtatt ein eksisterande sals-, skjenke- eller serveringsstad, kan du drive vidare på tidlegare eigars bevilling, mens du ventar på at din nye søknad vert behandla. Dette gjeld kun i ein overgangsperiode på tre månadar og berre dersom bestemte vilkår er oppfylt.

Vilkåra som må vere oppfylt for å kunne drive på tidlegare eigars bevilling i ein overgangsperiode

  • Kommunen må få beskjed om at det har skjedd ei overdraging av verksemda og at du ønskjer å ta i bruk tidlegare eigars bevilling.
  • Du må søkje om ny bevilling innan lovbestemte tidsfristar:
    • Etter serveringslova må du søkje om ny bevilling innan 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging.
    • Etter alkohollova må du søkje om ny bevilling innan 30 dagar etter sjølve overdraginga.
    • Vær merksam på at du må overhalde serveringslova sin frist, dersom du skal overta ein skjenkestad, sidan ein skjenkestad alltid har både serverings- og skjenkebevilling.
  • Det må ligg føre eit rettsleg suksesjonsforhold mellom tidlegare og noverande eigar

Kva er eit eigarskifte?

Eksemplar på kva som vert rekna som eigarskifte:

  • Kjøps- eller salssituasjon mellom to avtalepartar
  • Vesentlege endringar i eigarandelar i selskapet som innehar bevillinga
  • Skifte mellom selskap i same konsern
  • Skifte av selskapsform (sjølv om eigarinteressene heilt eller delvis er dei same som før)

Korleis melde frå til kommunen

Du kan sende ein e-post til post@aukra.kommune.no eller eit brev til Aukra kommune, der du melder om eigarskifte.

Kontaktinformasjon

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Telefon 71 17 15 16
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30