Grave ned ein oljetank? Meld frå til kommunen.
- størrelsen på tanken
- konstruksjon
- vern mot korrosjon
- alder
- kor tanken vert lagt ned på eigedomen (visast på kart)
Den ansvarlege for ein nedgraven oljetank skal gi skriftleg melding om tanken til kommunen.
Du må kontrollere tankane
Du som er ansvarleg for ein nedgraven oljetank, må kontrollere at tanken til einkvar tid er i forsvarleg stand. Kontrollen skal gjennomførast som periodiske tilstandskontrollar, eller ved eit system for automatisk lekkasjeovervaking.
Kvalifikasjonskrav for firma som gjennomfører tilstandskontroll på nedgravne oljetankar (PDF, 22 kB)
Kontrollen skal dokumenterast skriftleg
Dokumentasjonen skal oppbevarast av den ansvarlege og kontrolløren. Kontrolløren skal leggje fram dokumentasjonen for kommunen etter gjennomførd tilstandskontroll.
Feil på tanken må utbetrast
Ein oljetank som ikkje er i forsvarleg stand, skal anten takast ut av bruk eller utbetrast etter vanleg aksepterte metodar. Ein oljetank som er blitt utbetra, kan ikkje takast i bruk før det er gjennomførd ny tilstandskontroll.
Dersom oljetankar mellombels er ute av bruk
Nedgravne oljetankar som mellombels blir teken ut av bruk, skal tømmast for olje og sikrast slik at utilsikta påfylling ikkje kan skje.
Dersom oljetankar permanent er ute av bruk
Tankar som permanent blir teken ut av bruk, skal tømmast og gravast opp. Tankar som ikkje kan gjenbrukast utan fare for lekkasje, skal destruerast. Kommunen kan i særlege tilfelle gi løyve til at tankar som permanent blir teken ut av bruk, blir reingjort og fylt med sand, grus og liknande i staden for oppgraving. For slike tankar, må påfyllingsordninga fjernast, slik at det ikkje er muleg å fylle tanken i ettertid.
Om fjerning av oljetankar
Slik fjernar du oljetanken
ENOVA: Fjerning av oljefyr og oljetank
Søknad om dispensasjon til å fylle igjen nedgraven oljetank
Frå og med 1. januar 2020 er det innført forbot mot fyring med fossile brennstoff. Det vil difor ikkje vere muleg lenger å fylle igjen nedgraven oljetank.