Vedlikehald av veg

Vedlikehald av veg

Vedlikehald av veg

Du kan melde frå til kommunen om det er forhold ved ein veg som svekker framkommelegheita eller trafikktryggleiken. Det kan for eksempel vere hol i vegen, manglande gatelys eller behov for brøyting. Kommunen har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Fylkeskommunen sørger for fylkesvegar og staten for riksvegar. Kommunen kan stenge ein veg om ver- og føreforholda gjer det umogleg å halde den open. Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar og dreneringssystem.

Bruk kommunens Meld inn feil-teneste for å melde frå om feil eller manglar. 

Vintervedlikehald av veg

Veg

Aukra kommune har utarbeida rutinar for brøyting og vintervedlikehald av kommunale vegar.
Målsetjinga med rutinen er at innbyggjarane skal føle seg trygge på at alle kommunale vegar blir brøyta og strødd når det er behov for det. Målsetjinga for brøyting og strøing er at køyreveg skal vere bra drifta for alle bilar som er normalt utstyrt for vinterkøyring.

Fortau og gangveg

Fortau og gangvegar skal brøytast og strøast so godt at fotgjengarar ikkje velgjer å gå i vegbanen. Strøing for ferdsel til fots eller på skuleplassar, torg og andre opne areal, blir berre gjort for gangsone i kortaste ferdselsretning. Ikkje heile arealet som er i bruk elles i året. Det vert ikkje prioritert brøyting/strøing i tilstrekkelig kvalitet for den som ferdast på sykkel.

 
 

Kven kan du kontakte? 

Vegtype Ansvar for køyrebane Ansvar for gangveg Telefon
Riksveg Statens vegvesen Statens vegvesen  
Fylkesveg Statens vegvesen    
Fylkesveg gangveg   Kommunen 71 17 15 00
Kommunal veg Kommunen Kommunen 71 17 15 00
Privat/fellesprivat veg Private eigarar Private eigarar  
Feil på gatelys alle vegar Meld inn feil Meld inn feil 71 17 15 00

Kontaktinformasjon

Torstein Andreas Engstad
Driftsleiar veg/veglys og anlegg
E-post
Telefon 71 17 15 58
Mobil 488 84 177

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30