Trafikktryggleik

Trafikktryggleik

Har du eit spørsmål om trafikktryggleik?

Alle kan ta kontakt med kommunen, men vi ønskjer i utgangspunktet at trafikkregulerande tiltak vert støtta av velforeiningar eller nabolagsgrupper og at du derfor fremjar spørsmålet/tiltaket gjennom dei. Dette for å sikre at tiltaka er i tråd med nabolaget sine ønske.

Dersom slike foreiningar ikkje finst på staden, tilrår vi at du presenterer ei underskriftsliste med stønad frå andre bebuarar i nabolaget ditt. 

Kva kan eg spør om?

Du kan sende spørsmål/tiltak om forhold du meiner er farlege for bilistar og mjuke trafikantar. Forholda kan gjelde:

  • skilting/oppmerking 
  • dårleg sikt 
  • farlege skulevegar 
  • upassande fartsgrenser

Det må gjelde kommunale vegar (køyreveg, fortau og/eller gong- og sykkelveg). For fylkeskommunal veg, må du kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune.

Aukra kommune sin trafikktryggingsplan. 

Send inn førespurnaden din

Du kan sende førespurnaden din til Aukra kommune. 

Saksbehandlingstid

Etter at førespurnaden er motteke, kan det fort gå nokre månader før saka blir ferdig behandla. Nokre tiltak og saker kan verte sette på venteliste, då vi ikkje har høve til å utføre alle ønskte tiltak fortløpande.

Kontaktinformasjon

Torstein Andreas Engstad
Driftsleiar veg/veglys og anlegg
E-post
Telefon 71 17 15 58
Mobil 488 84 177
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30