Lage avkøyrsel

Lage avkøyrsel

Skal du lage, endre eller auke bruken av ein avkøyrsel frå kommunal veg, må du søkje kommunen.

Vilkår for avkøyrsel

  • Når det skal byggjast ein avkøyrsel frå ein kommunal veg, er det viktig at denne blir bygd slik at trafikktryggleiken for alle som ferdast langs vegen vert teken i vare.
  • Alle tilpassingar til veg og fortau skal verte gjort på eigen eigedom. Tilpassingar skal skje slik at vegen sin tekniske standard og funksjon vert oppretthaldne.
  • På bakgrunn av dette blir det stilt krav til fri sikt, svingradius og lengdeprofil når det skal byggjast nye avkøyrslar.
  • I tillegg bvert det stilt tekniske krav til avkøyrselen, samt snumoglegheit på eigen grunn.
  • Sjå også rettleiaren "Krav til avkøyrsel".

Slik søkjer du

  • Send oss ein søknad saman med vedlegg som nemnt nedanfor.
  • Ved utvida/endra bruk av gjeldande avkøyrsel, gjeld same krav som ved bygging av ny avkøyrsel.

Vedlegg til søknaden

For at søknad om avkøyrsel frå kommunal veg skal behandlast, må den innehalde følgjande:

  • Forklaring av planlagt tiltak. 
  • Situasjonskart i målestokk 1:500.
  • Avkøyrsel blir teikna inn med breidde, frisikttrekant og svingradius. Bygg og eventuelle sikthindringar må visast på situasjonsplanen. 
  • Teikning av avkøyrselen sin lengdeprofil i målestokk 1:500/1:100.
  • Søknaden vil ikkje bli behandla før den er komplett. Treng kommunen ytterlegare opplysingar vil du få melding om dette.

Kostar det noko?

Tenesta er gratis.

Etter arbeidet er utført

  • Når arbeidet med godkjent avkøyrselen er utført, skal du sende ferdigmelding til kommunen.
  • Kommunen fattar vedtak når søknaden gjeld innanfor uregulert område eller gjeld utvida bruk av noverande avkøyrsel.
  • Kommunen skal uttale seg når søknaden gjeld innanfor regulert område.

Klage

Klage på enkeltvedtak

Kontaktinformasjon

Torstein Andreas Engstad
Driftsleiar veg/veglys og anlegg
E-post
Telefon 71 17 15 58
Mobil 488 84 177
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30