Sette grensemerke (påvise grense)

Sette grensemerke (påvise grense)

Dersom grensemerka for ei tidlegare oppmålt og koordinatbestemt grense er borte, kan du bestille ei ny grensepåvising. Grensepunkt vert merka og rørte partar vert orientert. Dersom det er uklart kor ei eksisterande grense mellom to eigedommar går, kan grensa klarleggast ved ei oppmålingsforretning. Sjå og klarlegge grenser.

Kven kan søkje om grensemerking?

Søknaden fyllast ut av heimelshavar.

Slik søkjer du om grensemerking

Kopi av målebrev eller kartutsnitt kor det er markert kva grensepunkt som skal påvisast, må leggjast ved i søknaden. Du kan bestille kart.

Kva kostar det?

Plansak: 03 Grensejustering

Kontaktinformasjon

Bjørge Stavik
Fagleiar geomatikk
E-post
Telefon 71 17 15 26
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30