Seksjonering og reseksjonering

Seksjonering og reseksjonering

Seksjonering er å dele opp ein bygningen i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar delen sin av bygningen. Endringar av allereie seksjonerte eigedomar blir kalla reseksjonering.

Kva eigedomar kan seksjonerast eller reseksjonerast?

Alle bygde eigedomar som inneheld meir enn ein brukseining, kan seksjonerast eller reseksjonerast dersom dei oppfyller vilkåret til lova.

Eigarseksjonane blir oppretta ved tinglysing om krav om seksjonering eller reseksjonering. Men før tinglysing kan skje skal kommunen, ved byggjesaksseksjonen, kontrollere at seksjoneringsvilkåra og reseksjoneringsvilkåra er oppfylte, og gi løyve.

Korleis søkje om seksjonering eller reseksjonering?

  • Ei seksjonering eller reseksjonering må starte med å sende ein søknad til kommunen. Byggjesaksseksjonen vil sende saka vidare til tinglysing dersom seksjonane utgjer lovlege brukseiningar.
  • Søknadsskjema og rettleiing til søknadskjema finst på departementet si heimeside.  Det er berre departementet sine skjema som kan brukast for å søkje om seksjonering eller reseksjonering.
  • Vilkåra for seksjonering går fram av eigarseksjonslova § 7 og søknadsskjemaet. Vi gjer oppmerksam på at frå 01.01.2018 er det eit vilkår for seksjonering at kvar seksjon er ei lovleg etablert bueining etter plan- og bygningslova.

Rettleiar for søknad om seksjonering

Rettleiar for søknad om reseksjonering

Vedlegg som skal følgje søknad om seksjonering og reseksjonering

Vedlegg til søknad om seksjonering

Vedlegg til søknad om reseksjonering

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle seksjoneringssøknaden og registrere seksjonen i matrikkelen innan 12 veker etter at komplett søknaden er motteken. Dersom kommunen overskrir fristen, blir seksjoneringsgebyret redusert med 25% per veke.

Kva kostar det?

Saksbehandlingsgebyret for seksjoneringssaker går fram av gebyrregulativet for byggjesak. For seksjonering av utandørs tilleggsdel, kjem i tillegg eit gebyr for oppmåling.

Plansak: 09 Arbeid etter lov om eigarseksjonar § 7

Klage

Kommunen sitt vedtak om løyve eller avslag kan klagast til Fylkesmannen.

Klage på enkeltvedtak

Kontaktinformasjon

Bjørge Stavik
Fagleiar geomatikk
E-post
Telefon 71 17 15 26
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30