Deling av eigedom (skilje ut tomt)

Deling av eigedom (skilje ut tomt)

Ønskjer du å dele eigedomen (skilje ut tomt), må du søkje om oppretting av ny grunneigedom.

  • Ved oppretting av ny grunneigedom, vert det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gards- og bruksnummer.
  • Den nye eigedomen blir registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregisteret).
  • For frådeling av eit areal som skal over til ein annan eigedom, les artikkelen om "Arealoverføring".
  • For mindre justering av eigedomsgrensene, les artikkelen om "Grensejustering".

Du må sjekke om delinga er i tråd med plan- og bygningslova og gjeldande reguleringsplan. Dersom området ikkje er regulert, krev kommuneplanen detaljregulering. Dersom området ikkje er regulert, må det søkjast om dispensasjon frå kommuneplanen sitt krav om detaljregulering.

Slik søkjer du om deling av eigedom

Deling av bustadeigedom (fortetting)

  • For deling av 4 bueiningar eller meir, vert det kravd ny reguleringsplan.
  • For deling av inntil 3 bueiningar i regulerte bustadområde, kan dette behandlast som dispensasjon. Delinga bør i slike tilfelle vere etter kommunen sine gjeldande fortettingsretningslinjer.
  • Vi tilrår at det blir gjennomført ein samtale i alle fortettingssaker før du søker. Kontaktinformasjon finn du i høgremenyen. 

Deling av landbrukseigedom

Ved søknad om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden først behandlast av landbrukmyndigheitene etter Jordloven § 12. 

Kva skal søknaden innehalde?

  • Søknad om deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning. Søknaden må underskrivast av alle eigarar. 
  • Eventuelle dispensasjonssøknader. 
  • Situasjonskart som du kan bestille hos kommunen eller elektronisk . Situasjonskartet må vise ønsket grense med avkøyrsel, adkomstveg, parkeringsløysing og uteareal 1:500 eller 1:1000. 
  • Nabovarsel: Ved nabovarsling skal du bruke skjema 5154 Nabovarsel og 5156 Kvittering for nabovarsel. Skjema 5154 skal berre nyttast ved rekommanderte sendingar, eitt skjema til kvar nabo. Naboane skal sende merknadene sine til deg, slik at du kan kommentere dei før alt blir sendt til kommunen. Vent minst 2 veker på eventuelle nabomerknader før du sender søknaden til kommunen.
  • Ved deling av bustadeigedom må du forklare at krava i kommuneplanen sin arealdel er vareteke.

Kva skjer vidare med delesøknaden?

Oppretting av ny grunneigedom skjer i to trinn: 

  1. Saksbehandling (vedtak om frådeling etter plan- og bygningsloven)
  2. Oppmålingsforretning (grensepunkta vert oppmålt og merka, nye grenser vert registrert i eigedomsregisteret og nytt bruksnummer vert tinglyst)

Overføring av eigedomsrett - skøyte

Overskjøtting av den nye parsellen til ny eigar må ordnast av partane sjølv. Dersom de treng hjelp til å dokument som skal tinglysast, blir det tilrått at partane søkjer hjelp hos ein eigedomsmeklar eller advokat.

Meir informasjon om heimelsovergang ved skøyte finn de på Kartverket si heimeside.

Kostar det noko?

Følgjande satsar gjeld: 

Bygg og delesak: 18 Delingssøknadar etter pbl § 20-1

Kontaktinformasjon

Ingrid Ilestad
Saksbehandlar
E-post
Telefon 71 17 15 79
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30