Arealoverføring

Arealoverføring

Ønskjer du å kjøpe deler av ein annan eigedom eller selje deler av din eigen, kan du søkje om arealoverføring.

Når kan du søkje om arealoverføring?

Arealoverføring inneber at det blir frådelt ein del av ein eigedom, og at denne delen blir slått saman med ein annan eigedom. Ved arealoverføring slepp ein å opprette eigen grunneigedom, tinglyse skøyte og utføre ei samanslåing av eigedomane.

Justeringar der arealet er under 5% av eigedomen sitt areal kan gjerast ved grensejustering.

Kven kan søkje om arealoverføring?

Eigar av eigedom (heimelshav), festar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt kan søkje om arealoverføring.

Slik søkjer du om arealoverføring

Fyll ut søknadsskjema om arealoverføring. 

Vedlegg til søknaden

  • Situasjonskart – der det blir markert kva areal som skal overførast. Situasjonskart kan du bestille hos kommunen. 
  • Ved nabovarsling blir skjema brukt 51545155 og 5156. Skjema 5154 skal berre nyttast ved rekommanderte sendingar, eitt skjema til kvar nabo. Naboane skal sende merknadene sine til deg, slik at du kan kommentere dei før alt blir sendt til kommunen. Meir informasjon om nabovarsling finn du her.
    • Skjema 5154 skal berre nyttast ved rekommanderte sendingar, eitt skjema til kvar nabo. 
    • Naboane skal sende merknadene sine til deg, slik at du kan kommentere dei før alt blir sendt til oss. 
    • Vent minst 2 veker på eventuelle nabomerknader før du sender søknaden. 
    • Meir informasjon om nabovarsling finn du her(LINK).
  • Når arealoverføringa ikkje er i samsvar med gjeldande kommuneplan, må det søkjast om dispensasjon.
  • I dei tilfella kor det er eit firma som er eigar av eigedomen, må det leggjast ved firmaattest av nyare dato.

Kva skjer vidare med søknaden din?

  • Når søknaden er registrert hos oss, går vi gjennom saka. Er det manglar i saka, tek vi kontakt med deg. Treng søknaden behandling/fråsegner frå andre offentlege instansar enn kommunen, sørgjer vi for innhenting av desse. 
  • Etter at søknaden er behandla, kontaktar vi deg for å avtale når og kor søkjer, landmålar og rørte partar skal møtast på aktuell eigedom for å synfare eigedomane sine grenser. Dette blir kalla ei oppmålingsforretning. 
  • Vedtaket fattast med heimel i plan- og bygningslova. Vedtaket blir sendt til søkjarane med kopi til eventuelle partar som har hatt merknader til søknaden.

Kostar det noko?

Saksbehandlingsgebyr:

Plansak: 05 Arealoverføring

 Dispensasjon:

Bygg og delesak: 10 Dispensasjonssøknadar

I tillegg kjem eit gebyr på tinglysing, gebyr for oppmålingsforretning og dokumentavgift. 

Kva må vere på plass før oppmålingsforretning?

Kva må vere på plass før oppmålingsforretning?

Matrikkelføring og tinglysing

  • Etter møte på eigedomen/oppmålingsforretninga er gjennomførde og alle vilkår er oppfylte, blir dei nye grensene ført inn i Noregs eigedomsregister/matrikkelen før vi sender melding om arealoverføringa til Kartverket for tinglysing. 
  • Dersom avgiftsmynda ikkje godtek marknadsverdi som grunnlag for dokumentavgifta eller det viser seg at arealoverføringa fører til prioritetskollisjon, eller andre forhold som hindrar tinglysing, vil arealoverføringa ikkje bli tinglyst, men returnert til kommunen og partane for retting. 
  • Når kommunen får tilbakemelding på at arealoverføringa er tinglyst, blir det teke ut matrikkelbrev som blir sendt til søkjer/rekvirent. 
  • Partane har 3 veker klagefrist frå brevet er motteken.

Klage på enkeltvedtak

Kontaktinformasjon

Ingrid Ilestad
Saksbehandlar
E-post
Telefon 71 17 15 79
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30