Aukra kommune

Nedgravde oljetankar - melding og kontroll

Nedgravde oljetankar - melding og kontroll

Frå 2020 blir det forbod mot å fyre med fossilt brennstoff. Dersom du allereie har ein oljetank på eigedomen din og du er grunneigar, har du ansvar for at oljetanken til einkvar tid er i forsvarleg stand. Det er krav til å fjerne tankar som ikkje er i bruk. Kommunen fastset om og eventuelt kvar i kommunen desse avgjerdene gjeld. 

Grave ned ein oljetank? Meld frå til kommunen.

  • størrelsen på tanken
  • konstruksjon
  • vern mot korrosjon
  • alder
  • kor tanken vert lagt ned på eigedomen (visast på kart)

Den ansvarlege for ein nedgraven oljetank skal gi skriftleg melding om tanken til kommunen.

Du må kontrollere tankane

Du som er ansvarleg for ein nedgraven oljetank, må kontrollere at tanken til einkvar tid er i forsvarleg stand. Kontrollen skal gjennomførast som periodiske tilstandskontrollar, eller ved eit system for automatisk lekkasjeovervaking. 

Kvalifikasjonskrav for firma som gjennomfører tilstandskontroll på nedgravde oljetankar (PDF, 22 kB)

Kontrollen skal dokumenterast skriftleg

Dokumentasjonen skal oppbevarast av den ansvarlege og kontrolløren. Kontrolløren skal foreleggje dokumentasjonen for kommunen etter gjennomførd tilstandskontroll. 

Feil på tanken må utbetrast

Ein oljetank som ikkje er i forsvarleg stand, skal anten takast ut av bruk eller utbetrast etter vanleg aksepterte metodar. Ein oljetank som er blitt utbetra, kan ikkje takast i bruk før det er gjennomførd ny tilstandskontroll.

Dersom oljetankar mellombels er ute av bruk

Nedgravne oljetankar som mellombels blir teken ut av bruk, skal tømmast for olje og sikrast slik at utilsikta påfylling ikkje kan skje. 

Dersom oljetankar permanent er ute av bruk

Tankar som permanent blir teken ut av bruk, skal tømmast og gravast opp. Tankar som ikkje kan gjenbrukast utan fare for lekkasje, skal destruerast. Kommunen kan i særlege tilfelle gi løyve til at tankar som permanent blir teken ut av bruk, blir reingjort og fylt med sand, grus og liknande i staden for oppgraving. For slike tankar, må påfyllingsordninga fjernast, slik at det ikkje er muleg å fylle tanken i ettertid. 

Om fjerning av oljetankar

Slik fjernar du oljetanken

ENOVA: Fjerning av oljefyr og oljetank

Søknad om dispensasjon til å fylle igjen nedgraven oljetank

Skjemaet sender du til Aukra kommune

Kontaktinformasjon

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Fann du det du leita etter?