Jegerprøva

Jegerprøva

Alle som skal drive med jakt i Noreg må vere registrert i Jegerregisteret og ha betalt jegeravgift. Før registrering må du delta på eit jegerprøvekurs og bestå jegerprøveeksamen.

Kven kan ta jegerprøva?

Du må ha fylt 14 år for å kunne ta jegerprøva.

Kor kan eg ta jegerprøvekurs?

Arrangør av jegerprøvekurs er Aukra jeger- og fiskerforening. Du kan lese meir om jegerprøvekurs på Aukra jeger- og fiskerforening si heimeside.

Kor kan eg ta jegerprøveeksamen?

Kommunen har ansvar for å arrangere jegerprøveeksamen for kandidatar som er busett i kommunen. Aukra kommune har eit samarbeid med Hustadvika kommune. Du kan ta kontakt med landbrukskontoret i Hustadvika kommune for å avtale eksamen.

Kva kostar det?

Meir informasjon om kurset og jegerprøva

Du finn meir informasjon om jegerprøvekurs, oppmelding og jegerprøve på Miljødirektoratet si heimeside om jegerprøva.

Jegerregisteret og jegeravgift

Du kan sjekke om du er registrert i Jegerregisteret, betale jegeravgift og bestille jegeravgiftskort i Brønnøysundregisteret.

Kontaktinformasjon

Jermund Vågen
Saksbehandlar landbruk
E-post
Mobil 975 70 799
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30