Korona

Siste nytt om smittesituasjonen finn du under Aktuelt frå kommunen

Ønskjer du informasjon om vaksinering? Ta kontakt med legekontoret: 906 92 558.

Aukra kommune ventar med vidare vaksinering med AstraZeneca til FHI og legemiddelverket har gjort sine vurderingar.

Gå til temaside om koronaviruset

Sal av tomter på Torhaugmyra aust

Sal av tomter på Torhaugmyra aust

Storleik og pris på tomtene

  • Storleik på tomtene varierer frå 500-900 m²
  • Pris per m² er kr 778,-
  • Du vil få opp totalprisen for eigedommen du har valt i søknadsskjemaet
  • Prisen vert indeksregulert kvart år

Dette er inkludert i prisen

  • Kvar tomt er tilknytt kommunal veg
  • Leidningar for kloakk, overvatn og drikkevatn er lagt fram til tomtegrense

Dette kjem i tillegg til prisen

Korleis reservere ei tomt?

Du kan reservere ei tomt i to månadar. Reservering av tomt krev innlogging med MinID. Nedanfor finn du ei oppskrift, korleis du må gå fram for å reservere ei tomt.

  • Gå inn på kartet
  • Du får opp ei side der du kan velje ei tomt.
  • Du kan zoome i kartet ved å bruke enten +/- nedst til høgre, dobbeltklikke eller scrolle.
  • Klikk på eigedommen du ønskjer. Klikk på pila i høgremenyen under "Kartlagsinfo for valgt punkt". Då vil informasjon om tomta komme opp.
  • Klikk på «ting denne tomten» nedst til høgre. Du vil nå komme til tingingsskjemaet.
  • Når du har sendt inn tingingsskjemaet, vil du få ei kvittering på e-post.

Vilkår for kjøp av tomt

Nedanfor finn du dei viktigaste vilkår for kjøp av tomt. Lista er ikkje fullstendig. Ved kjøp av tomt samtykker du i retningslinjene for sal av kommunale bustadtomter til private. (PDF, 29 kB) Det er difor viktig at du les nøye gjennom retningslinjene.

  • Tomtene vert selt berre til privatpersonar
  • Berre ei tomt per husstand jamfør retningslinjene
  • Tomtearbeid/bygging skal vere starta opp innan eitt år etter tildelinga
  • Du kan ikkje selje vidare ubebygd tomt

Treng du hjelp eller meir informasjon?

Du kan ta kontakt med vår byggesaksbehandlar.

Reguleringsplan

Retningslinjer

Kontaktinformasjon

Ingrid Ilestad
Saksbehandlar
E-post
Mobil 909 53 258
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30