Søknad om tilskot til prosjekt og arrangement

Søknad om tilskot til prosjekt og arrangement

Kven kan søkje om tilskot til prosjekt og arrangement?

Lag og organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret og er aktiv i Aukra kommune, kan søkje om tilskot.

Lag og organisasjonar kan ikkje søkje dersom dei:

  • er finansiert av offentlege midlar
  • har lukka medlemskap  
  • er politiske organisasjonar  
  • tar i vare yrkesinteresser
  • har kommersielle interesser

Ikkje registrert i Frivilligregisteret? Du kan registrere deg her.

Kva kan du søkje om tilskot til prosjekt og arrangement til?

Tilskotet er eit prosjekttilskot, som kan gå til

  • arrangement
  • utbygging 
  • oppussing
  • vedlikehald.

Eksemplar er  konsertar eller oppussing av klubbhus. Du kan søkje om opp til kr 300 000,-. Tilskotet vert utbetalt etter at du har sendt oss det godkjente prosjektrekneskapet. Dersom du ikkje nyttar tilskotet innan to år etter tildelinga, vil det falle bort.

Slik søkjer du om tilskot til prosjekt og arrangement

Du kan søkje om tilskot ved å bruke vårt elektroniske søknadsskjema.

Vedlegg til søknaden

  • Detaljert budsjett eller kostnadsoverslag med finansieringsplan
  • Plan for gjennomføring

Du kan laste opp vedlegga direkte i søknadsskjemaet.

Frist for søknad om tilskot til prosjekt og arrangement

Søknadsfrist er 1. mars og 1. september kvart år.

Kva skjer vidare med din søknad om tilskot til prosjekt og arrangement?

Søknadane vert behandla politisk i livsløpsutvalet, i møte i mars/april og september/oktober. Etter møtet vil vi sende deg eit brev.

Klage på vedtak om tilskot til prosjekt og arrangement

Vedtak om tilskot er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Klage på enkeltvedtak

Endeleg klageinstans er klagenemnda i kommunen, som er Aukra formannskap.

Retningsliner for tilskot til prosjekt og arrangement

Kontaktinformasjon

Anne Jorunn Sandøy
Kultursjef
E-post
Telefon 71 17 15 75
Mobil 959 07 055
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Fann du det du leita etter?