Søknad om kulturmidlarKven kan søkje om kulturmidlar? Lag og organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret og er aktiv i Aukra kommune, kan søkje om tilskot. Lag og organisasjonar kan ikkje søkje dersom dei: er finansiert av offentlege midlar har lukka medlemskap er politiske organisasjonar tar i vare yrkesinteresser har kommersielle interesser Ikkje registrert i Frivilligregisteret? Du kan registrere deg her. Kva kan du søkje kulturmidlar til? Kulturmidlar er eit tilskot til den daglege drifta av lag og organisasjonane. Du kan og søkje på kulturmidlar ved oppstart av nye lag eller nye aktivitetar. Barne- og ungdomsarbeid har høg prioritet. Når politikarane behandlar søknaden, legg dei vekt på: Tal på medlemmane Alderssamansetning Aktivitetsnivå Generelt kostnadsnivå Slik søkjer du om kulturmidlar Du kan søkje om kulturmidlar ved å bruke vårt elektroniske søknadsskjema. Vedlegg til søknaden Årsmelding Rekneskap for siste året Budsjett for året søknaden gjeld for Du kan laste opp vedlegga direkte i søknadsskjemaet. Frist for søknad om kulturmidlar Søknadsfrist er 1. mai kvart år. Kva skjer vidare med din søknad om kulturmidlar? Søknadane vert behandla politisk i livsløpsutvalet, i møte i mai eller juni. Etter møtet vil vi sende deg eit brev. Klage på vedtak om kulturmidlar Vedtak om kulturmidlar er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klage på enkeltvedtak Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du til: Aukra kommune Nyjordvegen 12 6480 Aukra eller til post@aukra.kommune.no Endeleg klageinstans er klagenemnda i kommunen, som er Aukra formannskap. Retningsliner for kulturmidlar Retningsline for søknad om kulturmidlar (PDF, 365 kB) Sist endra24.09.2019 10.07