UKM Aukra

UKM Aukra

Kva er UKM?

UKM er forkorting for Ung Kultur Møtest og er ungdommens kulturmønstring. UKM Aukra vert arrangert i Aukra i februar kvart år. Aukra ungdomsråd er arrangør i samarbeid med ungdomsarbeidar i Aukra. Frå lokalmønstring kan ditt innslag gå vidare til både fylkesmønstring og til slutt landssamling med ungdom frå heile landet.

Kven kan melde seg på UKM?

Er du mellom 13 og 20 år kan du melde deg på UKM lokalmønstring.

Korleis melde seg på UKM?

Du melder deg på Ung Kultur Møtest via UKM si heimeside. Påmelding opnar 1. november kvart år.

Kontaktinformasjon

Lene Marita Husøy Ræstad
Ungdomsarbeidar
E-post
Mobil 908 04 713