Årets Aukraværing

Årets Aukraværing

Send oss din nominasjon på årets vinnar

Kven kan bli nominert til årets Aukraværing?

Ein person, ei bedrift eller ein organisasjon som har stimulert til nyskaping og positivisme, initiativ og skaparkraft i Aukra, som gjer Aukra til ein ”fole bra” kommune å bu i.

Statuttane til årets Aukraværing

Formålet med prisen er å stimulere til nyskaping og positivisme, samt utmerke initiativ og skaparkraft i Aukra. Prisen kan gå til personar, bedrifter eller organisasjonar som på ein eller annan måte har utmerka seg i det føregåande året.

Ein jury vurderer kandidatane og peikar ut ein vinnar.

Prisen vert utdelt éin gong i året. Overrekkinga skjer på Aukradagen, eventuelt på Aukras kommunes julearrangement før jul.

Kvar kan du sende nominasjonen til årets Aukraværing?

Du kan sende nominasjonen på e-post til Kultursjef, Anne Jorunn Sandøy eller til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra

Påmeldingsfrist

Fristen er seinast 1. juni.

Kontaktinformasjon

Anne Jorunn Sandøy
Kultursjef
E-post
Mobil 959 07 055

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30