TV-aksjon

TV-aksjon

Kva er TV-aksjonen?

TV-aksjonen vert utført kvart år sidan 1974 og har blitt Noregs største dugnad. TV-aksjonen går av stabelen i oktober kvart år. På ein søndag mellom kl. 16 og kl. 18 er bøsseberarane på tur omkring i kommunen.

Eg vil vere bøsseberar for TV-aksjonen

Dersom du vil vere bøsseberar, kan du melde deg på blimed.no. Dette er TV-aksjonen si offisielle side, der alle bøsseberarar kan registrere seg. Kommunen får melding om at du har meldt deg på, og vil ta kontakt med deg.

Kor og når skal eg hente bøssa?

Vi har to hentestadar i Aukra kommune, ein på Gossen og ein på Julsundet. Når du har registrert deg som bøsseberar vil du få eit brev med oppmøtestad og kart. I dette brevet vil vi forklare nærmare, kva som skjer på aksjonsdagen og kven du deler rode med. Kort sagt, henter du bøssa i 15.15-tida, går på roda di og leverer bøssa tilbake, der du har henta ho.

Kor mange bøsseberarar treng vi?

Aukra kommune har 22 roder, og vi treng til saman 50 bøsseberarar. Det er anten to eller tre personar som går på same rode. De kan gå saman eller dele roda i to/tre og gå kvar sin del av roda.

Må eg ha kontantar når bøsseberarane kjem på besøk?

Du kan gjerne gi eit bidrag i kontant, men du kan også bruke Vipps. Vipser du mellom kl. 16 og kl. 18 på aksjonsdagen, vil bidraget ditt bli registrert som bøssebidrag i statistikken. Vippsnummeret er forskjellig frå år til år og TV-aksjonen legg ut informasjon om nummeret på aksjonsdagen. Bøsseberarane har og Vippsnummeret med seg på aksjonsdagen.

TV-aksjon 2019

I 2019 er TV-aksjonen på søndag 20. oktober. I år skal pengane som vert samla inn, gå til CARE. Dei skal bruke pengane til å skape eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område. TV-aksjonen skal bidra til at kvinnene får meir fridom over eigen kropp og økonomi. Du kan lese meir om føremålet med årets TV-aksjon på TV-aksjonen si heimeside.

Kontaktinformasjon

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Telefon 71 17 15 16
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30