Tilskotsportalen

Tilskotsportalen

I Tilskotsportalen kan du finne fram til aktuelle tilskot for å finansiere foreininga sine eigne prosjekt. Databasen blir løpande oppdatert, og det er lett å søkje og navigere i tenesta.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis å bruke for foreiningane, fordi kommunen har inngått direkte avtale om dette.

Tilskotsportalen inneheld følgjande: 

  • Ein kalender med søknadsfristar 
  • Ein katalog kor tilskot er sortert på tema 
  • Nyheiter frå tilskotsforvaltarane 
  • Eit verktøy for å søkje direkte i databasen 
  • Stønad for å bli oppdatert på søknadsfristar eller andre fristar som du sjølv definerer i systemet

Slik kjem du i gang

Du kan opprette deg som brukar og deretter logge deg inn frå nettsida til tilskotsportalen 

Lisensen gir rett til å registrere inntil tre tillitsvalde per foreining. Hugs å registrere kva foreining du representerer og kva rolle du har i denne.

Dersom du får tekniske problem med innlogging eller praktiske problem med å bruke tenesta, kan du kontakte support ved å sende e-post til support@tilskuddsportalen.no 

Du kan óg kontakte Jens Petter Kjøll. 

Kontaktinformasjon

Jens Petter Kjøll
Dagleg leiar
E-post
Telefon 71 17 15 74
Mobil 469 46 044