Nyheitsbrev frå kommunen

Aukra kommune sender ut nyheitsbrev på e-post til alle som ønskjer det. Nyheitsbrevet inneheld oversikt over dei viktigaste nyheitene sist månad, høyringar og anna informasjon frå heimesida. 

Kva for personopplysningar blir samla inn?

For at vi skal kunne sende deg nyheitsbrev på e-post, må du registrere ei e-postadresse og eventuelt eit mobilnummer. E-postadressa og mobilnummeret vil berre bli brukt til å sende ut nyheitsbrev og brukarundersøkingar om nyheitsbrevet for å få tilbakemelding om kva lesarane har behov for og kva dei synest er interessant.

Samtykke

Når du melder deg på nyheitsbrevet, samtykkjer du til behandlinga vår av opplysingar om deg. E-postadressa og ev. mobilnummer blir lagra i ein eigen database drifta av vår databehandlar Make AS, blir ikkje delt med andre og blir sletta når du melder deg av nyheitsbrevet. Du kan melde deg av ved å trykkje på lekkja for dette i nyheitsbrevet eller ved å kontakte oss. Kommunen behandlar personopplysingane fram til du melder deg av nyheitsbrevet.

Behandlingsgrunnlag

Behandlingsgrunnlaget for behandling av e-postadressa og mobilnummer i tilknyting til nyheitsbrevet vårt er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a, altså samtykke. Du kan når som helst trekkje samtykket tilbake ved å melde deg av nyheitsbrevet. At du trekkjer samtykket ditt vil ikkje påverke lovlegheita av behandlinga av personopplysingar som skjedde før du trakk samtykket tilbake.

Korleis melde deg på nyheitsbrevet

Du kan melde deg på nyheitsbrevet ved å klikke på denne lenka. 

Publiserte nyheitsbrev

Kontakt

Aaslaug Søreide
Servicesjef
E-post
Mobil 90 08 85 78
Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 94 82 64 42

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra