Kommunikasjon

Kommunikasjon

Aukra kommune skal nå ut med relevant informasjon til innbyggjarane om tenester og demokratiske prosessar. Vi ønskjer derfor å legge til rette for at alle får rett informasjon gjennom dei mest engna kanalane. 

God kommunikasjon fører til at kommunen har tillit som myndighetsutøver, tenesteleverandør og samfunns- og demokratiutviklar.

Nokre gonger kan kommunikasjon handle om å skape forståing eller auke kunnskap. Andre gonger handlar den om å endre haldningar eller åtferd. Uansett formål, ønskjer vi at innbyggjarar og tilsette skal ha tillit til kommunen og oppleve informasjonen vår som relevant, einsarta og forståeleg.

Kommunikasjonsavdelinga 

Serviceavdelinga er kommunen si kommunikasjonsavdeling og har det faglege ansvaret for kommunen sin interne og eksterne kommunikasjon, og det faglege ansvaret for å følgje opp kommunikasjonsstrategien. Kommunikasjonsavdelinga har ansvaret for å utarbeide overordna strategi, samt prosedyrar og køyrereglar for informasjon og kommunikasjon og er redaktør for kommunen sine offisielle kommunikasjonskanalar.

Kommunikasjonsstrategien

Kommunikasjonsstrategien skal sikre heilskapleg kommunikasjonsarbeid i Aukra kommune og skal definere mål for kommunen sin kommunikasjon og kva ansvar som ligg til dei ulike rollene.

Kommunikasjonsstrategien skal vere eit verktøy for tilsette i kommunen og legg føringar for all kommunikasjons- og informasjonsarbeid. Strategien tek utgangspunkt i kommunen sine verdiar og kommuneplanen sin samfunnsdel, og skal vere med på å nå måla kommunen har sett seg i overordna planer.
 

Grafisk profil

Aukra kommune sin grafiske profil inneheld eit sett med reglar som skal sikre at kommunen framstår tydeleg, heilskapleg og lett å kjenne att i all kommunikasjon. Den visuelle profilen skal uttrykke kven vi er, kva vi står for og er forankra i kommunen sine verdiar Attraktiv, Uredd, Kvalitet, Raus og Arbeidsglede. 

Aukra kommune sitt kommunevåpen

Kommunevåpenet for Aukra vart godkjend i Kgl. res. av 22. mai 1987, og er basert på eit forslag frå Knut Rød.

 

 


Logoen består av Aukra kommune sitt våpen og namnet Aukra kommune. Sjølve våpenet kan brukast i to forskjellige fargevariantar avhengig av om det skal vere i farge eller svart/kvitt.


A-symbolet

A-symbolet står sentralt i kommunen sin grafiske profil og visualiserer kommunen sitt slagord Aukra - full av energi. Symbolet er bygt opp av energiske boblar som dannar ein A for Aukra. A-en blir eit symbol på den grøne øya og dei flotte fjella på fastlandet. Til saman utstråler dei skaparvilje og framtidstru. 

A-symbolet - Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

Aukra kommune sine verdiar

Våre verdiar skildrar kven vi er med enkle, forståelege ord og er indirekte representerte i all vår kommunikasjon. Det vi seier og det vi gjer må gjenspegle verdiane våre.

Attraktiv
Uredd
Kvalitet
Raus
Arbeidsglede

 

Slagordet "Aukra full av energi"

Aukra kommune sine verdiar leier fram til slagordet Aukra – full av energi. Slagordet beskriv dei tilsette internt, kommunen ovanfor eigne innbyggjarar, og Aukra kommune eksternt. 

Slagord - Klikk for stort bilete   

Kontaktinformasjon

Aaslaug Søreide
Servicesjef
E-post
Mobil 900 88 578
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00