Informasjon frå kommunen

Gratis kurs om personleg økonomi

Gratis kurs om personleg økonomi

Treng du hjelp til å handtere din daglege økonomi? NAV arrangerer gratis kurs til deg.

Om kurset og målgruppe

NAV Aukra tilbyr innbyggjarane i Aukra kommune gratis todagars kurs i privat økonomi. Det fins to forskjellige kurs:

"Frå minus til pluss"

Todagars kurs som inneheld:

  • Kort om betalingsproblem
  • Korleis skape økonomisk balanse
  • Enkle og smarte sparetips
  • Korleis kombinere sunn og rimeleg mat
  • Budsjett og ”2-konto-systemet”
  • Bank, forsikring, straum og mobil
  • Praktiske eksempel
  • Kva kostar du?
  • Kreditt
  • Inkasso, forliksråd og namsmannen. Dine rettigheiter og plikter.
  • Gjeldssaka sin gang gjennom systemet
  • 10 gode råd

SMART-kurs

Todagars kurs som inneheld:

  • Korleis gjer du eigne mål tydeleg?
  • Oppdag at det går an å oppnå positive resultat i økonomien
  • Grunnlag for å forhandle om lån og refinansiering
  • Teknikken for å setje opp «Smartkart» (budsjett)

Det får du på kurset:

  • Gratis opplæringsmateriell
  • Gratis arkiverings- og planleggingssystem
  • Godt beslutningsverkty for deg og familien framover

Kostar det noko?

Kursa er gratis.

Korleis melde seg på kurset?

Du kan ta kontakt med NAV Aukra for påmelding.

Kontaktinformasjon

NAV Aukra
Aukraringen 9, 6480 Aukra
Telefon 55 55 33 33

Opningstider

NAV Aukra
Tysdag kl. 10.00 - 13.00 for drop-in

NAV Aukra er open kvar dag mellom kl. 08.00 og 15.30 for dei som har avtale.