Korona

Ønskjer du informasjon om vaksinering? Ta kontakt med legekontoret: 906 92 558.

Aukra kommune ventar med vidare vaksinering med AstraZeneca til FHI og legemiddelverket har gjort sine vurderingar.

Gå til temaside om koronaviruset

Tryggleiksalarm/tryggleikspakke

Tryggleiksalarm/tryggleikspakke

Om tryggleiksalarmen

Tryggleiksalarm er ein sendar som brukar ber på seg, og som kan utløysast i akutte situasjonar. Tryggleiksalarmen er knytt til Molde brann og redning, som formidlar kontakt til heimesjukepleia. Heimesjukepleia kjem då heim til deg. Brukar kan snakke direkte med vakt, utan å løfte av telefonrøret. Tryggleiksalarm kan kun brukast i eigen heim.

Alarmen skal medverke til å skape tryggleik for å kunne bu heime lengst mogleg. 

Ny i 2021 - tryggleikspakke

Alle tryggleiksalarmar ute i heimane vert skifta ut til tryggleikspakkar i løpet av 2021.

  • Tryggleikspakke er ein installasjon som mellom anna inneheld tryggleiksalarm og brannalarm.
  • Det kan òg knytast på fleire funksjonar etter kva behov personen har, som til dømes måling av temperatur i rom eller om brukar forflyttar seg. Eit døme kan vere om brukar kjem attende i senga etter å ha vore på toalettet om natta.
  • Brukar ber på seg eit smykke som kan utløysast som ein tryggleiksalarm i akutte situasjonar.
  • Brannalarmen er knytt til Molde brann og redning, som formidlar kontakt til brannvesen og heimesjukepleie i Aukra.
  • Når tryggleiksalarmen vert utløyst kan brukar snakke direkte med heimesjukepleia utan å nytte mobilen.
  • Tryggleikspakke brukast i eigen heim og skal medverke til å skape tryggleik for å kunne bu heime lengst mogleg.
  • Tryggleikspakke er behovsprøvd. 

Kven kan få tilbod om tryggleiksalarm/tryggleikspakke?

Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu aleine, kan få tildelt tryggleiksalarm. 

Søkjar må bu i bustad med tilgang på internett/4G.

Slik søkjer du tryggleiksalarm/tryggleikspakke

Kva kostar tryggleiksalarm/tryggleikspakke?

Tryggleiksalarm

PLO: Varsling- og lokaliseringsteknologi, GPS

Oppseiing av tryggleiksalarm/tryggleikspakke

Ta kontakt med Aukra kommune om du ønskjer å seie opp tryggleiksalarmen. 

Klage på vedtak om tryggleiksalarm/tryggleikspakke

Klage på enkeltvedtak

Adresse

Besøksadresse: 
Aukra omsorgssenter
Aukraringen 14
6480 Aukra