MatombringingSjukdom, alder eller andre årsaker kan gjere at du ikkje er i stand til å ta vare på ernæringsbehovet ditt. Kven kan få tilbod om matombringing? Bur du heime og har problem med å få laga/kjøpt middag til deg sjølv, kan du få maten levert heim til deg. Kor ofte kan du få matombringing? Varm middag blir køyrt ut frå kjøkkenet ved Aukra omsorgssenteret 7 dagar i veka. Du kan sjølv bestemme kor ofte du vil ha mat levert heim til deg. Slik søkjer du om matombringing Fyll ut søknadsskjemaet om helse- og omsorgstenester (PDF, 175 kB). Du finn óg skjemaet øvst i denne artikkelen Du må velje/krysse av kva teneste du søker på I søknadsskjemaet skildrar du kva du meiner du treng av tilbod. Søknaden sender du til Aukra kommune. Kva kostar det? PLO: Matombringing Matombringing Matombringing Emne Pris per porsjon 2021 Frukost Kr 40,- Lunsj Kr 40,- Varm middag og dessert Kr 103- Kveldsmat Kr 40,- Matombringing til bebuarar bli innvilga gjennom vedtak. Bebuar må seie ifrå seinast to dagar i førvegen om ein ikkje skal ha mat ved kortare fråvêr. Unntaket er ved akutt innlegging i sjukehus eller institusjon. Klage på vedtak om matombringing Klage på enkeltvedtak Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du til: Aukra kommune Nyjordvegen 12 6480 Aukra eller til post@aukra.kommune.no Sist endra24.09.2019 09.25