Informasjon frå kommunen

Informasjon til pårørande

Informasjon til pårørande

Primær- og sekundærkontakt

Pleie og omsorg ønskjer eit tett samarbeid med brukar og pårørande. Alle som mottek tenester får tildelt ein primærkontakt og ein sekundærkontakt som den næraste pårørande kan kontakte når den ønskjer informasjon.

Samtykke

Informasjonsdeling forutsett skriftleg samtykke frå brukar. Pleie- og omsorgstenesta vil innhente samtykke når det blir aktuelt.

Brukar har ikkje samtykkekompetanse

Dersom brukaren ikkje er i stand til å samtykke, kan pårørande utpeike ein person som næraste pårørande. Denne personen skal fungere som kontaktperson.