Frist for å søkje om barnehageplass er 1. mars 2020

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie

Om heimesjukepleie

Heimesjukepleia gir hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetjingar som bur heime eller i omsorgsbustad.

Heimesjukepleia hjelper deg slik at du skal få bu heime lengst mogeleg.

Hjelpa blir tilpassa det individuelle behovet ditt, og kan for eksempel vere:

  • Hjelp til å meistre daglege aktivitetar og behov.
  • Hjelp til alvorleg sjuke og døyande.
    • Ved omfattande hjelpebehov kan tenesta bli gitt ved Aukra omsorgssenteret.
  • Tilrettelegging ved måltid, administrasjon av medikament, injeksjonar og smertelindring.
  • Sårbehandling og blodprøvetaking for brukarar som ikkje er i stand til å oppsøkje legekontor.
  • Installere og administrere tryggleiksalarm.
  • Formidle kontakt med kommunal fysioterapeut/ergoterapeut.
  • Informere om offentleg tannhelseteneste til brukarar som har hatt hjelp frå pleie og omsorgstenesta i minst 3 mnd.
  • Søkje om hjelpemiddel.

Heimesjukepleie vert gjeve 24 timar i døgnet.

Pårørande må hjelpe brukar med tenester utover det heimetenesta kan gje tilbod om, til dømes følgje til sjukehus, lege, tannlege o.l.

Kven kan få tilbod om heimesjukepleie?

Personar som bur heime eller i omsorgsbustad, og som på grunn av sjukdom og/eller funksjonsnedsetjing ikkje kan: 

  • ivareta eige helse-, pleie- og omsorgsbehov sjølv
  • oppsøkje helsehjelp sjølv.

Slik søkjer du om heimesjukepleie

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

 Klage på vedtak om heimesjukepleie

Klage på enkeltvedtak

Kontaktinformasjon

Vakttelefon heimetenester
Mobil 481 56 310
Malene Lillebostad
Leder/fagleder
E-post
Mobil 928 19 311