Heimehjelp

Heimehjelp

Praktisk hjelp og opplæring i heimen.

Om heimehjelpstenesta

Heimehjelp er eit tilbod til personar som er avhengig av hjelp og praktisk assistanse i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker.

Heimehjelpa hjelper deg med:

  • Praktisk bistand/heimehjelp omfattar reingjering i bustad med golvvask og støvsuging.
  • Hjelpa er avgrensa til daglege bruksrom.
  • Heimehjelpa kan hjelpe til med å klargjere måltid.
  • Brukar kan få hjelp til skift av klede, klesvask og skift av brukar sitt sengetøy.
  • Det kan ikkje "sparast" timar for å nytte seinare.

Om heimehjelp

Kven kan få tilbod om heimehjelp?

Personar som på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller alder treng hjelp til reinhald av heimen sin.

Slik søkjer du om heimehjelp

Kva kostar heimehjelpstenesta?

Det er høve til å søkje om heil eller delvis fritak for eigabetaling dersom den økonomiske situasjonen tilseier at brukar sjølv ikkje har midlar til å kunne kjøpe seg hjelp som er nødvendig for å kunne greie seg i heimen.

PLO: Heimehjelp/praktisk bistand

Klage på vedtak om heimehjelp

Om du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage på det. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. 

Klage på enkeltvedtak

Kontaktinformasjon

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00