Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Om brukarstyrt personleg assistent

Brukarstyrt personleg assistentordning (BPA) er ein alternativ måte å organisere praktisk og personleg hjelp for personar med eit stort hjelpebehov i dagleglivet både i heimen og utanfor heimen. 

Målet er at brukaren får høve for eit aktivt og mest mogeleg uavhengig liv. 

BPA blir vurdert i forhold til kva brukaren ville ha fått av ordinære tenester slik som heimehjelp, støttekontakt, miljøteneste eller anna.

Kven kan søkje om brukarstyrt personleg assistent?

BPA passar til yngre funksjonshemma som ønskjer å leve eit sjølvstendig liv. Ved å tilsetje og leie assistentane sine sjølv kan dei organisere hjelpa. Brukar eller annan frivillig person som brukaren peikar ut, vert arbeidsleiar for assistentane. 

Du kan ha krav på tenester organisert som BPA når du

  • er under 67 år ved tildeling
  • har eit langvarig og stort behov for personleg assistanse

For meir informasjon om retten til BPA, sjå pasient- og brukarrettslova § 2-1, d

Slik søkjer du om brukarstyrt personleg assistent

 Kva kostar det?

PLO: Brukarstyrt personleg assistent

Klage på vedtak om brukarstyrt personleg assistent

Klage på enkeltvedtak

Kontaktinformasjon

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00