Informasjon frå kommunen

SLT - Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid

SLT - Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid

SLT er ein samordningsmodell for lokale, førebyggande tiltak mot rus- og kriminalitet, som blir nytta av om lag 200 norske kommunar.

Mål med SLT

Samordne det rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet kring barn og unge i Aukra. Koordinere kunnskap og ressursar i eit forpliktande samarbeid med mellom anna politi, kommune og frivillige aktørar (næringsliv, frivillige organisasjonar, etc.).

Det inneberer:

  • Ha mest mogeleg oversikt over korleis barn og unge har det i Aukra kommune
  • Iverksette tiltak retta mot enkeltpersonar og/eller grupper
  • Rett tiltak til rett tid

SLT-arbeidet er retta mot barn og unge frå 0 – 23 år.

SLT-modellen – organisering

SLT-arbeidet er organisert ved hjelp av ein SLT-modell og er inndelt i tre nivå.

1. Styringsnivå (politirådet):

  • Deltakarar: Øvste leiinga i kommune, øvste leiinga i politiet og SLT-koordinator
  • Ansvar for: Økonomi, prioritering og mål.

2. Koordineringsnivå (koordineringsgruppa):

  • Deltakarar: Leiarar og personar frå tenester og organisasjonar med beslutningsmynde.
  • Ansvar: Samle kunnskap, avdekke problem, finne løysingar, sette i verk tiltak.

3. Utførarnivå:

  • Aktørar: Funksjonar som arbeider tett på barn og unge.
  • Ansvar: At styringsgruppas mål vert omset i praksis.

SLT-koordinatorens rolle

  • Koordinera det kriminalitetsførebyggande arbeidet.
  • Vere bindeledd mellom styringsgruppa, koordineringsgruppa og dei som jobbar direkte med barn og unge.
  • Bidra til at det blir satt felles mål og at tiltak vert gjennomført og evaluert.
  • Inspirere, motivere og vere pådrivar.

Møteverksemd og møtefrekvens

  • Politirådet har to møter i halvåret.
  • Koordineringsgruppa har tre møter i vårhalvåret og to møter i hausthalvåret.

Informasjonsutveksling blir ivareteken mellom anna ved at vi deler informasjon på møta i politirådet og på møta i koordineringsgruppa. Vi har alle eit felles ansvar for å halde kvarandre oppdatert om situasjonen kring barn og unge i kommunen.

For meir informasjon om SLT-modellen kan du følgje denne linken: Kriminalitetsførebyggande arbeid

Ta kontakt dersom du:

  • Er bekymra for eit ungdomsmiljø på din skole eller fritidsklubb/lag.
  • Har fleire like saker i hjelpeapparatet der ungdommen samlast rundt avvikande åtferd.
  • Dersom du i politiet ser utfordringar som knytte seg til fleire personar – rus, tjuveri, sedelighet.
  • Er bekymra for hat-ytringar eller ekstreme miljø.
  • Alvorlege enkeltsaker (mobbing, vald, rus).

Kontaktperson er SLT-koordinator Rita Rydheim.

Sentrale aktørar

Relevante personar frå einingar som tar eit rus- og kriminalitetsførebyggande omsyn for barn og unge i Aukra kommune, som barne- og ungdomsskolar, barnehagar, politi frå Molde politidistrikt, PPT, OT, Vidaregåande skolar, helsestasjons- og skolehelsetenesta, barnevern, barnevernsvakt, psykisk helse, spesialisthelsetenesta, NAV, næringsliv, kultur, idrett, trussamfunn, ideelle organisasjonar, konfliktrådet, med fleire.

Kontaktinformasjon

Rita Rydheim
SLT-koordinator
E-post
Telefon 71 17 15 66
Mobil 402 83 848

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30

Adresse

Aukra kommunehus
Nyjordvegen 12
6480 Aukra

Kart