Informasjon frå kommunen

Fysioterapi

Fysioterapi

Fysioterapitenesta i Aukra følger nasjonale råd og bransjestandard for smittevern. Det er svært viktig med gode rutinar for sikker behandling for deg som pasient og for våre fysioterapeutar. Med bakgrunn i dette har vi litt informasjon og instruksjonar til pasientar som blir satt opp til time hos oss.

Rutinar for fysioterapi i samband med korona

  • Dersom du har teikn til luftvegsinfeksjon inkludert feber, hoste og/eller pusteproblem skal du ikkje oppsøke fysioterapitenesta, men kontakte oss på telefon.
  • Vi tilbyr telefon- og videokonsultasjon for deg som har luftvegssymptom, sitter i heimekarantene, eller ikkje ønskjer fysiske konsultasjonar grunna andre årsakar.
  • Fysiske konsultasjonar for pasientar som er heimeisolert eller satt i karantene skal utsettast.
  • Pasientar skal bruke inngang merket B på helsesenteret.
  • Vi har strenge rutinar rundt handvask og spriting på veg inn og ut av lokalet.
  • Fysioterapeut skal i regelen være den som både opnar og lukker dører til behandlingsrom o.l.
  • Vi vil vaske ned alle kontaktflater mellom kvar pasient.
  • Du kan ikkje levere kontaktskjema på døra, men må sende det i posten til Aukra kommune, fysioterapi, Aukraringen 17, 6480 Aukra. 

Om fysioterapitenesta

I Aukra kommune er det fire fysioterapeutar. Alle held til på helsesenteret på Falkhytten. Tenesta består av to kommunalt tilsette fysioterapeutar og to fysioterapeutar med driftsavtale med kommunen.

Kva kan du få hjelp til?

Vi tilbyr behandling, rehabilitering og førebyggjande tiltak for å gjenvinne optimal bevegelse- og funksjonsevne.

Bestille time hos fysioterapeuten

OBS! Du må ikkje sende konfidensielle opplysningar per e-post -  skriv skjemaet ut og sendt det til Aukra kommune, fysioterapi, Aukraringen 17, 6480 Aukra.

Kor raskt kan du få time hos fysioterapeuten?

  • Du må rekne med ein viss ventetid. Dersom vi vurderer at det hastar, kan du få behandling innan 14 dagar. Øvrig ventetid varierer.
  • Fysioterapeutane har felles venteliste.

Avbestilling av fysioterapitime

Avbestilling av time må skje seinast 24 timar før oppsatt time. Dersom du ikkje avbestiller timen dagen før, må du betale for timen. Ring til den aktuelle fysioterapeuten for avbestilling av time.

Kva kostar fysioterapi?

Vedlagt følgjer oversikt over eigenandel fysioterapi. (PDF, 261 kB)

Pasientreiser

Dersom du av medisinske årsaker ikkje kan kome deg til fysioterapeuten, skal fysioterapeuten bestille transport via pasientreiser. Opplys om det når du bestiller time.

Kontaktinformasjon

Inga Sølvi K. Melby
Fysioterapeut
E-post
Telefon 71 17 14 25
Mobil 474 51 611
Therese Stokke Viken
Fysioterapeut
E-post
Telefon 71 17 14 33
Mobil 971 60 713
Rolf Oterhals
Fysioterapeut
E-post
Mobil 996 28 169
Kimberly Iversen
Fysioterapeut
E-post
Mobil 948 27 002
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Fysioterapi
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30