Ergoterapi

Ergoterapi

Ergoterapitenesta i Aukra følger nasjonale råd og bransjestandard for smittevern. Dersom du har teikn til luftvegsinfeksjon inkludert feber, hoste og/eller pusteproblem skal du ikkje oppsøke ergoterapeuten, men ta kontakt per telefon. 

Om ergoterapitenesta

Ergoterapeuten bidreg til løysingar når det oppstår eit gap mellom personen si helse og kvardagens krav, uavhengig av om du har fysiske eller psykiske utfordringar. Hovudmålet er at du skal kunne leve eit aktivt og meiningsfylt liv. Alle skal kunne delta og være aktiv i leik, læring, arbeid og kvardagen. Om du opplever utfordringar i kvardagen, kan du få hjelp av ergoterapeuten. 

Ergoterapeut er ein del av habiliterings- og rehabiliteringstilbodet i kommunen. Ergoterapeuten samarbeider med fysioterapeutar, legar, heimetenesta, institusjonstenesta, skule, sjukehuset med fleire, alt etter kva behov du har.

Kva tilbyr ergoterapitenesta? 

  • Kartlegge kva som hindrar og mogleggjer kvardagsaktivitet med fokus på kva som er viktig i livet ditt
  • Iverksette tiltak for at du skal meistre det du ønskjer i din kvardag
  • Kartlegge og tilpasse dine omgjevnadar både heime, i barnehagen, på skolen og andre plassar
  • Rettleie om du treng ombygging av bustad grunna funksjonsnedsetting
  • Råd og rettleiing om korleis du kan trene dine ferdigheiter gjennom praktiske gjeremål 
  • Hjelp til at du kan bo heime så lenge som du ønskjer og utføre dei kvardagslege aktivitetane som er viktig for deg 
  • Gje eit målretta tilbod om habilitering eller rehabilitering, dette blir gjort i tett samarbeid med andre faggrupper 
  • Bistand til å søke om parkeringsbevis, ledsagerbevis og TT-kort (drosjekort)
  • Bidra i planarbeid med kunnskap om universell utforming. Målet er at offentlege bygningar, transport og ute-område blir tilgjengelege og brukbare for alle.

Kven kan få tilbod om ergoterapi?

Alle som har utfordringar med å gjennomføre kvardagslege aktivitetar, kan få hjelp av ergoterapeuten. Du kan òg få hjelp utan at utfordringa er knytt til noko diagnose/sjukdom.

Utfordringa kan ha oppstått i samband med for eksempel 

  • fysisk/psykisk sjukdom
  • rusproblematikk
  • skade
  • nedsett funksjon
  • lærevanskar

Ta kontakt om du er usikker på om ergoterapeuten kan hjelpe deg. 

Korleis få tilbodet om ergoterapi?

Både innbyggjar sjølv, pårørande, og helsepersonell kan ta kontakt med ergoterapeuten. Du treng ingen tilvising.

Kva kostar det?

Ergoterapiteneste er gratis.

Syns- og høyrselkontakt, hjelpemiddel og velferdsteknologi

Kontaktinformasjon

Inger Videm
Ergoterapeut
E-post
Mobil 474 63 956
Asgeir Stavik
Driftsleiar hjelpemiddel
E-post
Mobil 911 31 510
Høyrselskontakt i Aukra kommune
Heidi Stavik
E-post
Mobil 474 84 574

Adresse

Besøksadresse: 
Ergoterapi
Aukraringen 17
6480 Aukra