Drosjekort (TT-kort)

Drosjekort (TT-kort)

Har du ei varig funksjonshemming, fysisk eller psykisk, og har behov for dør-til-dør-transport for å kunne ta del i aktivitetar i nærmiljøet, kan du søkje om reiserett med transporttenesta (TT-kort)/drosjekort.

Kven kan få drosjekort?

Personar som på grunn av funksjonshemminga si er varig forflytningshemma og har vesentlege vanskar med å reise kollektivt, kan søkje om TT-kort. Funksjonshemminga må vare i minst 1 år for at søkjar skal bli godkjent som TT-brukar. Retningsgjevande alder nedover er 10 år. Det er ikkje ei øvre aldersgrense. Rullestolbrukarar og blinde har førsteprioritet og skal godkjennast før skjønsmessig prioritering vert gjort.

Kva kan du bruke drosjekortet til?

Ordninga skal berre nyttast til fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som vert dekt av NAV eller andre offentlege myndigheiter.

Slik søkjer du om drosjekort

Satsar for drosjekortet

Soner og satser for TT-kortet
Sone Definisjon Sats per halvår
M1 Brukar bur inntil 10 km frå kommunesenteret kr 1 215,-
M2 Brukar bur over 10 km frå kommunesenteret kr 2 430,-
M3 Rullestulbrukar som bur inntil 10 km frå kommunesenteret kr 4 455,-
M4 Rullestulbrukar som bur over 10 km frå kommunesenteret kr 5 670,-

Du kan klage på vedtak om drosjekort

Klage på enkeltvedtak

Saldo på kortet

I dei fleste drosjar vil saldo på kortet framkomme direkte ved å trekkje det gjennom drosjane sitt taksameter. Du kan også sjølv kontrollere saldo ved å:

Ring sentralbord 35 58 60 40 Bemanna 24 timer i døgnet, kvar dag.
SMS 903 67 000 Send: ttkort «brukarnummer»
Internett   Gå inn på www.ttkort.no og tast inn ditt brukarnummer.

Du kan og logge på egen brukarside på internett ved å gå til www.ttkort.no. Her må du logge på med brukarnummer og passord. Passord får du tilsendt i brevet saman med TT- kortet.   

Tap av kort eller skade på kort

Dersom kortet vert skada eller du mistar kortet, må du melde dette inn snarast mogleg ved å ringe 35 58 60 40. Gammalt kort vil da bli sperra og du vil få tilsendt nytt kort. Kostnaden for nytt kort vil bli belasta din brukarkonto.

Dersom kortet ikkje virker må du betale turen sjøl. Ta vare på kvitteringen og send krav til TTT Administrasjon AS, postboks 2673, 3702 Skien

Retningsliner for drosjekortet

Kontaktinformasjon

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Telefon 71 17 15 16
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30