Ledsagerbevis (følgjeperson)

Ledsagerbevis (følgjeperson)

Dersom du har behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement, kan du søkje om ledsagerbevis.

Kva er eit ledsagerbevis?

Eit ledsagerbevis gjer det mogeleg å ta med seg eit følgje utan ekstra kostnader på kultur- og fritidsarrangement og på transportmiddel der ordninga blir akseptert.

Kven kan få ledsagerbevis?

Ledsagerbevis er tilsikta på personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med behov for assistanse for å kunne delta på arrangement. Funksjonshemminga må vere varig, det vil seie ho må vare i minst 2-3 år. Ordninga er ikkje økonomisk behovsprøvd.

Ledsagerbevis vil blant anna vere aktuelt for personar med:

  • Rørslehemming
  • Høyrslehemming 
  • Synshemming
  • Utviklingshemming
  • Allergiar
  • Andre typar funksjonshemmingar, som psykiske lidingar, hjarte-lunge-sjukdomar og anna.

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å få eit ledsagarbevis.

Slik søkjer du om ledsagerbevis

  • Fyll ut søknadsskjema. Skjemaet er elektronisk.
  • Vi treng eit bilete av deg (ikkje større enn passfoto). Du kan laste biletet opp i søknaden.
  • Treng du papirskjema, ta kontakt med oss.
  • Søknaden vert behandla fortløpande.
  • Når du har søkt, har kommunen plikt til å gi deg ei skriftleg avgjerd (enkeltvedtak) anten du får innvilga ledsagerbevis eller ikkje. I vedtaket skal det stå kva tenester du har fått, kor omfattande dei er og korleis dei blir organiserte.

Kor kan eg bruke ledsagerbeviset?

Det er den einskilde arrangøren eller verksemda som avgjer om dei aksepterer ledsagerbevis og kva rabatt ledsagerbevis gir. Kommunen har informasjon om kva stader ledsagerbevis blir akseptert. Du kan også vende deg direkte til den einskilde arrangøren eller verksemda.

Klage på vedtak om ledsagerbevis

Klage på enkeltvedtak

Kontaktinformasjon

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00
Ledsagerbevis
Tove Charlotte Æsøy
Telefon 71 17 15 77
Mobil 986 12 740

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30