Tannhelseteneste (tannlege)Kven kan få tilbodet? Det vert prioritert behandling av barn og unge 3-15 år, psykisk utviklingshemma og gruppa av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleia. Der det ikkje er kapasitet, vil du få tilbod om behandling ved St. Carolus i Molde. Tannhelsetenesta skal gje eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til: Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon Gruppa av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret Andre grupper som fylkeskommunen har vedteke å prioritere Kor finn eg tannlegen? Tannlegen held til i helsesenteret på Falkhytten på Gossen. Opningstider Måndag t.o.m. torsdag kl. 08.00-14.00 i partalsveker Korleis ta kontakt med tannhelsetenesta/tannlege? Du kan ta kontakt med tannhelsetenesta på Gossen dei dagane dei er her. Alle andre dagar kan du ta kontakt med St. Carolus tannklinikk i Molde. Sist endra30.11.2020 09.44