Legevakt

Legevakt

Legevakta for Aukra kommune er ei interkommunal legevakt for Aukra, Midsund og Sandøy kommune.

Fire fastlegar og tre turnuslegar deler på vakta. Turnuslegane kan ved behov kontakte fastlege som er bakvakt.

Når kan du kontakte legevakta?

  • Vakta startar kl.15.00 på kvardagar fram til kl. 8.00 neste dag.
  • Døgnvakt i helgar og på heilagdagar.

Kven snakkar du med på legevakta?

Når du ringer legevaktsnummeret kjem du i kontakt med spesialsjukepleiar ved legevaktsentralen ved Molde sjukehus som ber om opplysningar om kva det gjeld, kan gje råd og sender så melding til legen på vakt.

Legen kan gje råd over telefon, komme på heimebesøk, avtale konsultasjon ved legekontoret eller ombord i legevaktsbåt der det fins utstyr til prøvetaking og behandling.

Når du ringer 113 kjem du til AMK (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) ved Ålesund sjukehus.

Hugs, ved alvorleg eller livstruande sjukdom ring 113

Kontaktinformasjon

Aukra legekontor
Aukraringen 17, 6480 Aukra
Telefon 71 17 14 00
Legevakt
Utanom kontortid
Telefon 116117

Opningstider

Legevakt
Kvardagar mellom kl. 15.00 og 08.00 neste dag

Døgnvakt helg og heilagdagar

Adresse

Besøks- og postadresse:
Aukra legekontor
Aukraringen 17
6480 Aukra

Fann du det du leita etter?