Informasjon frå kommunen

Legevakt

Legevakt

Frå 10. februar 2020 vert legevakta sentralisert til Molde kommune som består av kommunane Aukra, Molde, Hustadvika og etter kvart Rauma og Sunndal.

Når kan du kontakte legevakta?

  • På kvardagar er det dagvakt ved Aukra legekontor frå kl. 08 til kl. 16.
  • Legevakt i Molde alle kvardagar mellom kl. 16.00 til kl. 08.00, og heile døgnet på helg og heilagdagar.

Kven skal du ringe?

  • 113 når det er akutt og det står om liv
  • 116 117 når det gjeld sjukdom eller skade som ikkje kan vente til fastlegen sin opningstid

Når du ringer telefon 116 117, kjem du i kontakt med spesialsjukepleiar ved legevaktsentralen i Molde som ber om opplysningar om kva det gjeld, kan gje råd og sender melding til legen på vakt.

Når du ringer 113 kjem du til AMK (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) ved Ålesund sjukehus.

Korleis vert legevakttenesta utført?

Utanom opningstida for fastlegen og lokal legevakt er det no oppretta videolegevakt ved Aukra Omsorgssenter.
Videolegevakt er eit legevaktrom kor ein sjukepleiar tek imot pasienten, tek prøver og målingar og opprettar samtale med legevaktsleggja på storskjerm. Sjukepleiaren kan etter legen sin ordinasjon gi og dele ut medisin. Etter konsultasjonen kjem pasienten anten heim, til vidare behandling i Molde eller evt. lagt inn på sjukehus. 

Du kan vente heime

Men då må du ringe på førehand. Om noko hastar, må du ringe undervegs slik at legevakta kan førebu seg på å ta i mot deg. Sjukepleiarar kan gje deg råd på telefonen slik at du kanskje ikkje treng å møte opp på legevakta. 

For å kunne ta i vare dei sjukaste, får du ikkje hjelp til alt på legevakta.

Legevakt

Kva skjer etter konsultasjon på legevakta? Korleis skal folk kome seg heim på natta? 

Regelverket for å få beredskapsferje eller drosje heim etter legevaktbehandling, er blitt veldig innskjerpa av Stortinget, og skal berre skje når det er nødvendig av helsemessige grunnar. Dei som ikkje har ordna seg med eigen skyss heim, må vente ein stad i legevakta sine lokale til det går buss og ferje. Dei kan også få tilskot på 598 kr frå Pasientreiser til overnatting på hotell. 

Kontaktinformasjon

Legevakt
Telefon 116117

Adresse

Besøksadresse:
Veøygata 1
6413 Molde
(Kirkebakken helsehus)

Kart