Influensavaksine

Influensavaksine

Det blir tilbod om influensavaksinering tysdag 5. og torsdag 7. november frå kl. 08.30 til kl. 15.00 med pause mellom kl. 12 til 12.30.

Pris per vaksine

Influensavaksinering blir tilboden ved legekontoret til kr 150,-. Flest mogeleg bør ta vaksinen. 

Må eg bestille time?

Ein treng ikkje å bestille time desse to dagane men berre møte opp og få eit kønummer. Andre dagar må ein bestille time ved laboratoriet for å få sett vaksinen.

Kven bør vaksinerast?

Risikoutsette grupper som bør vaksinerast mot sesonginfluensa:

  • Personar som er 65 år eller eldre
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1.trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om vaksinasjon
  • Vaksne og barn med kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
  • Vaksne og barn med kroniske hjarte/karsjukdomar, spesielle personar med alvorleg hjartesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
  • Vaksne og barn med nedsett immunforsvar
  • Vaksne og barn med diabetes mellitus (både type 1 og type 2)
  • Vaksne og barn med kronisk nyresvikt
  • Vaksne og barn med kronisk leversvikt
  • Vaksne og barn med kronisk, nevrologisk sjukdom eller skade
  • Vaksne og barn med svært alvorleg fedme, dvs. kroppsmasseindeks (BMI) over 40 kg/m2
  • Annan alvorleg og/ eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Kontaktinformasjon

Aukra legekontor
Aukraringen 17, 6480 Aukra
Telefon 71 17 14 00

Adresse

Besøks- og postadresse:
Aukra legekontor
Aukraringen 17
6480 Aukra