Skolehelsetenesta

Skolehelsetenesta

All vaksinering og helseundersøking er frivillig, men vi anbefaler at alle takkar ja til tilboda. Det vert sendt ut skriftleg informasjon til føresette i forkant av vaksinasjon/undersøking.

Opningstider skolehelsetenesta 

Opningstider skolehelsetenesta
Skole Opningstid
Gossen barne- og ungdomsskole: Måndag, tysdag og torsdag frå kl. 09.00 – 15.00
Julsundet skole: Måndag-torsdag frå kl. 09.00 – 15.00

 

Helseundersøkingar og vaksinasjonar det vert innkalla til:

Skolehelsetenesta
Klasse Helseundersøking Tilbod om vaksinasjon
1. klasse Helseundersøking på helsestasjon med helsesjukepleiar og lege.
2. klasse Kombinasjonsvaksine: Difteri, tetanus, kikhoste og poliomyelitt.
3. klasse Helseundersøking og måling av høgde/vekt.
6. klasse Kombinasjonsvaksine: Meslingar, kusma og raude hundar (MMR).
7. klasse Tilbod om HPV-vaksine. For å bli fullvaksinert må ein ta to dosar med minst 6 månadar intervall.
8. klasse Helseundersøking og måling av høgde/vekt.
10. klasse Kombinasjonsvaksine: Difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt.

Kontaktinformasjon

Helsesjukepleiar v. Gossen barne- og ungdomsskole
Malene Bækø Hansen
Mobil 488 81 851
Helsesjukepleiar v. Julsundet skole
Tonje Vikhagen
Mobil 404 48 035