Jordmor

Jordmor

Kva kan jordmora hjelpe deg med? 

  • Jordmortenesta har som mål å ivareta det ufødte barnet, den gravide og hennes familie gjennom svangerskapet, fødselen og den første tida etterpå.
  • Svangerskapskontrollar etter anbefalt oppsett, men hyppigare ved behov.
  • Svangerskapskurs ved behov.
  • Heimebesøk etter fødsel. Heimebesøk kan også avtalast i svangerskapet ved behov.

Kontoret til jordmor er på helsestasjonen på Gossen. Ønskjer du å ta med deg nokon til timane, så er du hjarteleg velkomen til det.

Timebestilling

  • Jordmora er på helsestasjonen på onsdagar, men du kan ta kontakt med henne på alle kvardagar.
  • For timebestilling og andre førespurnadar ta kontakt på sms tlf. 918 02 880.
  • Den gravide tek sjølv kontakt med jordmor for avtale om time.

Kva kostar jordmortenesta?

Tenesta er gratis.

Kontaktinformasjon

Marthe Lybergsvik
Jordmor
Mobil 918 02 880

Opningstider

Onsdagar kl. 08.30-14.00

Adresse

Besøks- og postadresse: 
Aukraringen 17
6480 Aukra