Helsestasjon for barn 0-6 år

Helsestasjon for barn 0-6 år

All vaksinering og helseundersøking er frivillig, men vi anbefaler at alle takkar ja til tilboda. Det vert sendt ut skriftleg informasjon til føresette i forkant av vaksinasjon/undersøking.

Helsestasjon 0-6 år
Alder Helseundersøking Vaksinering
6 veker: Individuelt. Helsesjukepleiar og lege. Første vaksine mot rotavirussjukdom.
3 mnd: Individuelt. Helsesjukepleiar. Første vaksine mot difteri, stivkrampe, polio, kikhoste, hepatitt B og HIB-infeksjon, pneumokokksjukdom og 2. vaksine mot rotavirussjukdom.
4,5 mnd: Individuelt, helsesjukepleiar og fysioterapeut.
5 mnd: Individuelt. Helsesjukepleiar. Andre vaksine mot difteri, stivkrampe, polio, kikhoste, hepatitt B og HIB-infeksjon og pneumokokksjukdom.
6 mnd: Individuelt. Helsesjukepleiar og lege.
8 mnd: Individuelt. Helsesjukepleiar.
10 mnd: Individuelt. Helsesjukepleiar.
12 mnd: Individuelt. Helsesjukepleiar og lege. Tredje vaksine mot difteri, stivkrampe, polio, kikhoste, hepatitt B og HIB-infeksjon og pneumokokksjukdom.
15 mnd: Individuelt. Helsesjukepleiar. Vaksine mot meslinger, kusma og raude hundar (MMR).
18 mnd: Individuelt. Helsesjukepleiar.
2 år: Individuelt. Helsesjukepleiar og lege.
4 år: Individuelt. Helsesjukepleiar.
5-6 år: 1.klasseundersøking. Individuelt. Helsesjukepleiar og lege.

Kontaktinformasjon

Camilla Hjellset Orø
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Mobil 913 25 930