Vaksinering 12-17 år

Vaksinering 12-17 år

Aukra kommune vaksinerar barn og ungdommar mellom 12-17 år.

Frå fylte 12 år

Dag og stad for vaksinering

Gruppa vil få tilbod om vaksine onsdag 8. september i skoletida i samarbeid med skulane i kommunen. Elevane vil bli følgde klassevis av kontaktlærarar til Aukrahallen. For dei som ikkje er fylt 12 år vil det kontinuerleg vere mogeleg å vaksinere seg onsdagen etter fylte 12 år etter avtale med koronakontakten til kommunen.

Dette gjeld for alle elevar i aktuelle aldersgrupper ved både Gossen barne- og ungdomsskole og Julsundet skole, uavhengig av bustadskommune.  

Samtykke

Vi ber om at føresette er oppmerksame på ranselpost fredag og sender samtykkeskjema tilbake til skolen innan måndag 6. september, uavhengig om barnet/ungdomen skal ha vaksine eller ikkje. 

Gruppa 16-17 år

Dag og stad for vaksinering

Vaksinasjonsdag er onsdag 8. september mellom kl 16-18 i Aukrahallen. Dette på grunn av omsyn til skoletida.

Kven får tilbod om vaksine?

Tilbodet gjeld alle født i 2004 og 2005. 

Doseintervallet for aldersgruppa er anbefalt å vere 8-12 veker mellom dose 1 og dose 2. 

Samtykke til vaksinering

For ungdom som er født i 2005 og ikkje har fylt 16 år, må kommunen ha samtykke frå begge føresette. 

Frå fylte 16 år kan ungdommen signere samtykkeskjemaet sjølv. Ta med signert samtykke når du kjem til vaksinestaden.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med koronakontakten på telefon 906 92 558 eller på e-post tiili.stamsvik@aukra.kommune.no.

Kontaktinformasjon

Koronatelefon
Mobil 906 92 558