Korona

Ønskjer du informasjon om vaksinering? Ta kontakt med legekontoret: 906 92 558.

Aukra kommune ventar med vidare vaksinering med AstraZeneca til FHI og legemiddelverket har gjort sine vurderingar.

Gå til temaside om koronaviruset

Status vaksinering

Korona

Aukra kommune ventar med vidare vaksinering med AstraZeneca til FHI og legemiddelverket har gjort sine vurderingar.

Status vaksinering

Vaksinering veke 14

Kommunen vil starte med prioriteringsgruppe 4 i veke 14. Dette er personar i aldersgruppe 65-74 år og 18-64 år med underliggjande sjukdom/tilstand som gir høg risiko for alvorleg sjukdom.

Folkehelseinstituttet har definert kriterie for kva sjukdommar og tilstandar som er prioritert. Kommunen kan ikkje gå utanom desse kriteria. Kommunen har oversikt over innbyggjarar som er i risikogruppa. Desse vil bli kontakta.

Oversikt over underliggjande sjukdomar eller tilstander

Kva vaksine nyttar kommunen?

Aukra kommune vaksinerer med mRNA vaksinen frå Pfizer/BioNTech. Intervall mellom første og andre dose er 6 veker. Du vil få innkalling til dose 2.

Kan eg bestille time for vaksinering?

Det er ikkje mogeleg å bestille time for vaksinering. Du vil bli oppringt frå tlf.nr. 906 92 558 for reservasjon av time. 

Status vaksinering

Vaksinering korona
Prioriteringsgruppe Forklaring Status
1  Bebuarar i sjukeheim og utvalde helsepersonellgrupper Ferdig
2 Alder 85 år og eldre og utvalde helsepersonellgrupper Ferdig
3 Alder 75-84 år  Starta
4 Alder 65-74 år OG personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp Starta
5* Alder 55-64 år med underliggjande sjukdomar/tilstandar Starta
6 Alder 45-54 år med underliggjande sjukdomar/tilstandar
7 Alder 18-44 år med underliggjande sjukdomar/tilstandar 
8 Alder 55-64 år 
9 Alder 45-54 år 

 

Korona


* Aukra kommune mottok i veke 9 nokre vaksinar frå AstraZeneca. Desse vaksinane vart tildelt prioriteringsgruppe 5 etter anbefalingar frå Folkehelseinstituttet. Av den grunn vart det starta opp med vaksinering av gruppe 5 før gruppe 4.

Folkehelseinstituttet har gått ut med at denne vaksina også er anbefalt til dei over 65 år. Kommunen vil derfor gå tilbake til oppsett prioriteringsrekkefølgje, dvs. at gruppe 4 er neste gruppe og det blir eit opphald i vaksinering av gruppe 5. 

Du kan lese meir om dette i nyheitssaka på heimesida. 
 

Kontaktinformasjon

Koronatelefon
Mobil 906 92 558