Opning av barnehagar og skolar

Opning av barnehagar og skolar

Barnehagane og skolane i Aukra kommune opnar, men det skjer gradvis. 

Skolane 

Vi er glade for å kunne ta i mot elevane frå 5. - 10.klasse.  Det blir ei gradvis lik opning for både Gossen barne- og ungdomsskole og Julsundet skole.

  • Måndag 11. mai ønskjer vi 7. og 10. årstrinn velkomne tilbake til skolen.
  • Tysdag 12. mai er 5. og 6. velkomne tilbake
  • Onsdag 13. mai ønskjer vi dei to siste klassane, 8. og 9. velkomne tilbake.

1.-4. trinn og SFO opnar 27. april.

Nærare informasjon om organisering og oppmøte vert gitt frå skolane.

Skoleskyss

Vi oppfordrar foreldra til å køyre elevane til skolen for å lette situasjonen. Dei elevane som har gang- og sykkelavstand til skolen, oppfordras til å gå og sykle. 

Barnehagane

i Aukra kommune vil ha eit tilbod for alle barn frå 22. april.

  • Frå og med 2. juni 2020 vil barnehagane ha full opningstid kl. 07.00 – 16.30. 
  • Barnehagane følgjer råd gjeven i revidert smittevernrettleiaren frå 29. mai 2020, på gult nivå.

Informasjon om:

  • Heimeundervisning
  • Tilbod til barn som ikkje kan vere heime 
  • Tilbod til barn og unge som treng det mest
  • Foreldrebetaling barnehage og SFO
  • Eksamen og standpunktkarakterar
  • Sjukdom og reglement om fråvær
  • Med meir...

Les meir om dette på nettsidene til Utdanningsdirektoratet